Ein film, som mange andre, tidfesta i den andre verdskrig. Vi blir presentert for ein familie på fire, med en gut som likar eventyr, ei veslevaksen jente, mor og far – som er nazioffiser. Det kan vere enkelt å forsvinne blant mengda av slike filmar, men ”Guten i den stripete pyjamas” har en unik vinkling, historie og tittel.
Sonen, Bruno, er ein 9 år gamal gut som likar eventyr og å utforske, og han har ikkje særleg lyst til å flytte frå deira heim i Berlin til eit sted på landet, men slik går det no til sjølv om niåringen ikkje vil. Far har nemlig blitt forfremma til ein ny stilling.
Det nye huset er nok ikkje som Bruno hadde venta, og han får raskt forbod om å ikkje gå i bakgarden. For ein eventyrlystig gutunge som Bruno, blir det snart svært kjedelig å bare leike ute på huska på gardsplassen, og han har også sett at det er ein gard i nærleiken, der menneska går i stripete pyjamasar.
Ein dag får Bruno nok av det etterkvart einsformige livet, og han snik seg ut i bakgarden, og finner eit vindauge han kan kome igjennom, slik at han kan dra å sjå på garden; den finner han, saman med ein gut som heiter Shmuel. Desse to gutane utvikle eit vennskap med eit problem: Det er separert av eit stort elektrisk gjerde.
Filmen er ein vakker og trist historie set gjennom eit barns naive auga. Det er ikkje ein film, der man ser alt det skremmelege som fant sted i den andre verdskrig, men det er der heile tida, gjømt i mellom linjene. Det er ein film som vekker ubehag og frustrasjon, men likevel er det ein film som visar eit fantastisk vennskap, og kor rene barnehjarter er før dei blir skitna til av dei vaksnes holdning og meiningar.
Det er ein film som vekker kjensler i mange former, og ein slik film er absolutt ein god film.