onsdag 22. september 2010

"Hjernen er alene" og "Jeg ser"

"Hjernen er alene" og "Jeg ser"
I ”Jeg ser”, fortel først og fremst bare eg-personen om det han ser, og vi får ikkje vite mykje om kva han sjølv tenkjer. I ”Hjernen er alene” fortel derimot ikkje eg-personen bare om det han ser, men også om kva anna han gjer og sine eigne kjensler.

”Med ett blir jeg redd”

”Jeg roper hjelp
Selv om jeg vet
At ingen vil høre meg”

Det er også brukt uvanlege skildringar, som for eksempel i ”Jeg ser”:

”Jeg ser på den hvite himmel,
jeg ser på de gråblå skyer,
jeg ser på den blodige sol.”

Himmelen er som regel ikkje kvit – den er blå. Skyene, derimot, er som regel kvite, og sola er gul på barneteikningar, men på ordentlig er den ein sterk kvitfarge. Også i ”hjernen er alene” er det spesielle skildringar:

”Naturen står stille
Men trærne krymper
Og havet det tørkes bort”

Tre kan ikkje krympe og havet kan ikkje tørke bort i løpet av sekundar.

Alt i alt får eg ein kjensle av at i ”Jeg ser” er eg-personen annleis frå resten av verda, og dette kjem fram i ”Jeg er visst kommet på feil klode, her er så underlig…”. Eg tenkjer det same om ”hjernen er alene”, fordi når eg-personen er inne i huset, er han aleine, men når han ser på huset utanfrå, er det fullt av folk. Det kan samanliknes med det å ”kjenne seg aleine blant mange folk”.

Men eg får likevel kjensla av at i ”Jeg ser” er ikkje eg-personen like redd eller deprimert, som i ”hjernen er alene”. I ”jeg ser”, verker han heller meir fascinert eller forundra over det han ser, mens i ”hjernen er alene”, tenkjer eg at han verker redd og deprimert, fordi det han sjølv seier det og han roper på hjelp.

Kilder:
"Jeg ser" av Sigbjørn Obstfelder
"Hjernen er alene" av Delillos

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar